F o r t e l l e r s e n t e r e t a s
"Fortellersenteret" blei etablert i 2007. Det fyrste året mens me var ein del av kulturbyåret heldt me til i det gamle kinobygget i Sandnes. Etter det har me hatt kontor på Sandnes Brygge og arbeidd med "Barnas scene" og "Fortellerscene" i Havnegata 15, 4306 Sandnes.
Målet vårt er å skapa eit forteljarsenter og formidla det beste innan forteljarfaget, driva med opplæring innan forteljarkunst og arbeida for å gjera forteljarkunst meir kjent.
Me vil til ei kvar tid jobba med å utvikla nye måter å føra den gamle forteljartradisjonen vidare på.
Me vil òg halda fram med å samla inn og gjera lydopptak av eldre i regionen som fortel.
Arbeidet me å etablera Fortellersenteret er lagt på is jan 2012.